Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Lønsoppgjeret i staten

Som mange sikkert har fått med seg, vart det brot i forhandlingane, og det var ei stund fare for streik. Partane vart likevel samde på overtid under meklinga, og ein greidde å finne middel til ei lita lønsauke.

I avtalen med LO Stat, Unio og YS Stat (som òg gjeld dei uorganiserte) er lønstrinna i A-tabellen auka med omlag 0,54 prosent for dei med lønstrinn 47-63, og med omlag 0,44 prosent for alle andre. Her vart heile potten fordelt sentralt, og det er ikkje sett av middel til lokale forhandlingar.

I avtalen med Akademikarane skal heile potten forhandlast lokalt, innanfor ei ramme på 0,45 prosent av lønsmassen. Forhandlingane skal vere avslutta innan 30. november 2020.

Båe dei nye avtalane gjeld frå 1. oktober 2020.

I tillegg er det nokon endringar i hovudtariffavtalane som ikkje gjeld løn. Dette gjeld mellom anna føresegner og formuleringar om jamstilling, kompetanseutvikling og berekraft.