Gå til hovedinnhold
For ansatte Søk

Meld inn forslag til sjølvaste 50-årsdagen

Kvadratisk bilde med lilla jubileumslogo på grå bakgrunn. Står 50 i stort og 1973–2023 i lite under.

Bli med å fylle jubileumsdagen i september med innhald. Vi treng ideane dine!

3. september 1973 blei det heldt stiftelseskonsert for Norges musikkhøgskole i Universitetets aula. 3. september 2023, på dagen 50 år etter skal vi feire NMHs bursdag – på akkurat same stad, og i området rundt!

Vi feirar med konsertar og innslag i, utanfor og rundt aulaen – frå morgon til kveld. Vil du være med på feiringa?

Nokre planar for dagen

Dagen startar med parade og opptog frå NMH til Universitetsplassen. Gjennom dagen skal vi gjennomføre 50 (!) minikonsertar, arrangement og aktivitetar i aulaen, utanfor aulaen og på fleire fantastiske scener og framføringsarenaer rundt, og vil ha scena tilpass dei aller fleste aktuelle behov – alt ifra små intime akustiske rom, rom med historisk sus og stort publikumspotensial, rom for forsterka musikk, rom for tale og presentasjonar i tillegg til store uteområde og parkar.

Vi manglar berre innhald frå deg

Har du noko du ønsker å bidra med? Eit solostykke på 5 minutt? Eit kammermusikkverk på 20? Eit bandprosjekt som kan spele både 1 eller 10 låter? Ein presentasjon av eit FOU-prosjekt, musikalsk eller verbalt? Ein idé til eit stort eller lite stunt ute? Noko interaktivt som kan skje i eit telt på Karl Johan? Alt er mogleg å foreslå sjølv om alt ikkje er mogleg å gjennomføre, men vi vurderer alle idear!

Dagen blir avslutta med ein festkonsert inne i Universitetsaulaen, med storslåtte gjester. No er det berre fantasien som set grenser for kva 50-årsdagen kan innehalde. Din tur!

Bruk skjema – frist 15. mars

Dette skjemaet går utanom vanleg konsertinnmelding, og gjeld berre for 50-årsdagen 3. september 2023. Om du har konsertforslag for resten av året, gå til eige skjema for dette.

Sjå bilete av salane nedst i saka.

Artikler relevante