Sesongen opnar med Serendipfestivalen, som tradisjon tru har snike seg inn på Oslo Jazzfestival, slik av du som ikkje fekk nok under Serendip Sessions i mars, kan høyre favorittbanda dine i levande live.
Konsertsesongen hausten 2021 er ute
Over 70 konsertar er allereie publisert – og fleire kjem. Studentar, tilsette og publikum kan endeleg nyte livemusikk igjen.
Jubileum og festival
I september begynner vi for alvor og inviterer til 50-årsjubileum på Chateau Neuf, med jazz-legenda Marilyn Mazur og vårt eige storband. September er også sjølvsagt månaden for Oslo kulturnatt og Ultimafestivalen, der Christiania Blåseensemble og våre skapande komponistgeni er bidragsytarar.
Klassikarar
Er du kanskje meir sulten på dei store klassikarane? I oktober får du heile to Beethoven-symfoniar på ein konsert. Lindemansprisen inviterer til festkonsert med vinnarane – som framleis ikkje er avslørte, men heilt sikkert verdige. Det blir eit gjensyn med den populære konsertserien RÅ!, og Kammermusikkveka er tilbake med full kraft i november.
Pang-avslutning
Heile sesongen byr på ei rekke korkonsertar med Vokalensemblet og Kammerkoret, eller du kan oppleve Schubert-meisterverk som Winterreise og Schwanengesang. Serien FOLK kjem attende, og du som brenn for eit spesielt instrument kan velje og vrake i klassekonsertar med virtuost solorepertoar.
Symfoniorkesteret pang-avsluttar sesongen med norsk musikk, der du mellom anna får høyre Halvorsens mektige symfoni «Fatum» eller skjebne.
Og i mellom alt dette: mykje meir.
Konsertar hausten 2021
Sesongprogrammet er publisert – 70 konsertar er ute og fleire kjem. Her finn du alt frå jazz, folkemusikk og eksperimentell musikk til store, mektige symfoniar og korverk.
Sjå heile programmet